Dette er i sin helhet sakset fra en artikkel av Anne Steinsvik Nordahl:
Ei fire hundre år gamal folkevise viser seg å stamme frå Steinsvika i Dalsfjord (Volda, Møre og Romsdal).(Kilde: Sunnmørsposten, lørdag 30. desember 2000)
Friarferda: Folkevisa om Friarferda til Gjøtland er den eldste nedskrivne folkevisa vi kjenner til. Visa er eit prov på at lese- og skrivekunnskap ikkje var uvanleg på Nordvestlandet så tidleg som 1500- og 1600-talet.
Folkevisa ”Friarferda til Gjøtland” (1612) er den eldste nedskrivne folkevisa me kjenner til i Norge. I fjernsynsprogrammet ”Antikviteter og snurrepiperier”, vart det sat at visa er funnen på Bjørkedalen. Men eit dokument frå 1868 provar at denne fire hundre år gamle visa kjem frå Steinsvika i Dalsfjord.
I november 1999 rydda Olaug A. Steinsvik i gamle saker i Arnegarden i Steinsvika. Då fann ho eit brunt, slite papir underteikna ”Engeset den 28de Mai 1868 J. N. Kobberstad”. Teksta på papiret viste seg å vere avskrift av eit dokument frå 1612. Avskrifta er handskriven, og hovuddelen av teksta er kalla ”En gammel Folkevise” med merknader og forklaringar til teksta. I tellegg er der eit oversyn over buskapen på garden. ”Register over mine Smale, som jeg haver her hjemme paa gaarden efter Nytaar som er Anno 1612 den første Januari”.
Originaldokumentet frå Steinsvika:
Denne nye avskrifta fortel korleis ”En gammel Folkevise” eller ”Friarferda til Gjøtland”, som ho seinare har vorte heitande, kom Jakob N. Kobberstad i hende og vart registrert i 1868. Kobberstad (1840-1919) var seminarlærar i Volda, og han merkte seg ut med sterke kulturelle interesser. Avskrifta viser at originaldokumentet frå 1612 med teksta til ”friarferda til Gjøtland”, kom frå Steinsvika i Indre Dalsfjord i Volda i 1868, og at eigaren av det gamle dokumentet var Lars Knudsen Stensvig, bonde i Arnegarden frå 1863,.
Avskrifta frå 1868, som er underteikna med J. N. Kobberstad har en innleiing ”En gammel Folkevise funden Gå Gaarden Stensvig i Volden Fræstegjeld paa Søndmøre 1868 af Lars Knutssen Stensvig”. J. N. Kobberstad har truleg fått dokumentet av Lars Knudsen Stensvig, for at han skulle finne ut kva sla tekst dette var , og om ho hadde nokon verdi. Før ein fann denne avskrifta i 1999, har det ikkje vor kjent kva gard i Volda originalmanuskriptet kom frå. Jostein Fet, som har skrive om visa tidlegare har meint at ho kom frå Bjørkedalen. Truleg byggjer opplysningane om visa i programmet ”Antikvitetar og snurrepiperier” på det han har skrive. At visa er funnen i Moritsgarden på Bjørkedalen må likevel vere feil, og opplysningane om det verkar nokså usikre. Fet byggjer sin teori på ei tankerekkje ut frå det han veit om lese- og skrivekunne på desse kantar av landet på 1600-talet og tidlegare. At visa var nedskriven på ein forholdsvis stor gard, der talet på småfe var såpass stort som 86, er og brukt som sannsynleggjering for at det var frå Bjørkedalen visa kom.
Velståande bønder Men også i Dalsfjorden var bøndene velståande på 1600-talet. Peder Jonsson Steinsvik som var bonde i Arnegarden frå 1603 til 1643, brukte 1/5 av Steinsvika, og han hadde notbruk i lag med grannen. I Dalsfjord, bygda, gard og ætt, (Bygdebok for Dalsfjord), står det om Peder Jonsson Steinsvik: ”Han hadde ei jakt og i 1639 er han klaga fordi han tale mot jaktetollen og gjorde folk ”oppsetsige” mot alle avgifter, i det heile ein heller framtøk kar. I 1610 er han lagrettemann”. Det er vel ikkje usannsynleg at denne framtøke karen kunne skrive, og at han gjorde noko så uvanleg som å skrive ned ei vise som han kjende frå munnleg tradisjon i bygda.
Korleis vart visa kjend? I 1868 fekk Sophus Bugge ved Universitetet i Olso tilsendt denne oppsiktsvekkjande handskrivne teksta frå Jakob N. Kobberstad i Volda. Teksta viste seg å vere ei folkevise og eit oversyn over buskapen på ein gard frå Jakob N. Kobberstad hadde fått han om teksta, men han hadde vanskar med å tyde skrifta i dokumentet, og sende det vidare til Sophus Bugge. Han visste at Sophus Bugge varspråkforskar, og i tillegg innsamlar og kjennar av norsk folkedikting. Det var fyrst og fremst dateringa av dokumentet som var oppsiktsvekkjande. 1. januar 1612. Kobberstad sender dokumentet vidare til Sophus Bugge, med fylgjande brev:
”Hr.Professor Bugge! Hoslagt er jeg saa fri at sende et gammelt Papir, som jeg kom over paa en Gaard her i Præstegjeldet just som man var ifærd med a brænde det. Da jeg ikke har været i stand til at læse unden enkelte Ord her og der, kan jeg ikke have nogen Mening om dets Verd. Skulde det imidlertid være af den Beskaffenhed, at man vilde opbevare det, turde jeg utbede mig en Afskrift, i modsat Fald bedes Originalen tilbagesendt”. ”Volden, pr. Aalesund, 30de April 1868”.
Hvorfor Kobberstad framstiller ”funnet” av visa på denne måten, som om han har redda dokumentet ”just som man var ifærd med at brænde det”, er også ei uløyst gåte. Men likande formuleringar er brukt om innsamling av folkeviser på andre kantar av landet. Magnus B. Landstad, som er den store folkeviseinnsamlaren frå 1850-åra og utetter, brukte uttrykket ”Familiesmykke” om visene som han skreiv ned og redda frå gløymsla og ” du av det brændende Huus” som han uttrykkjer det.
Landstad brukar etter mi oppfatning dette som eit språkleg bilete, ikkje som ei konkret fysisk handling. Kobberstad kjende truleg til desse samlingane, og har kanskje lånt formuleringa frå han. Truleg tek Kobberstad vel mykje av æra for ”funnet” i dette brevet, og det er noko som ikkje stemmer i framstillinga hans til Sophus Bugge høve til det han skriv til Lars Knudsen Stensvig. Dersom ein ser på det handskrivne originalmanuskriftet som ligg på Norsk Folkeminnesamling i Oslo, kan ein skjøne at Kobberstad tykte det var vanskeleg å forstå innhaldet i teksta. Dokumentet er slite der det har vore bretta saman og i kantane, og somme stader er skriftra utydeleg. Men skrifta er famn og vakker, dei same bokstavformene går igjen, og det verkar som dette er skrive av ein øvd og sikker skrivar. Teksta er ei folkevise med 33 strofer, og i tellegg i oversikt over småfeet på ein gar. Det er samband med denne oversikta at dato og år er totert, men teksta er skriven med same hand og penn, og det kan ikkje ha gått lang tid mellom dei to nedteikningane. Mest truleg er det gjort om lag samtidig.
Avskrifta av visa, registeret og kommentaren som Kobberstad skriv til omsetjinga står på det same papiret (sjå bilete). I kommentaren til omsetjinga frå 1868, skriv Kobberstad om kor viktig funnet er, og held fram ”det vilde ikke være mig lidet behagelig, og jeg fik Anleding til at besørge lest og afskrevet mange Haandskrifter af samme Slag, ligesom jeg ogsaa med Taknemmelighed vilde modtage gamle Sagn – Ordsprog og lignende, som skriver sig fra vore Fedre”, skriv han til slutt i brevet. Dette tyder ikkje akkurat på at han trur dei har brendt opp alt gammalt på denne garden. Tvert imot vil han gjerne ”besørge lest og afskrevet” flere handskrifter om eigaren har det.
Mange løyndomar Sjølv om ein no har fått vite kvar visa vart funnen, og kven som eigde dokumentet i 1868, er det framleis mykje ein ikkje veit om visa. Kvifor gjev ikkje Kobberstad opp at han har fått teksta med Lars Knudsen Stensvig, når han seinare sender omsetjinga tilbake til han? Denne visa er svært gammal, og det er ingen liknande viser i dette distriktet, Kvifor vekkjer ikkje ”funnet” av teksta større oppsikt i samtida? Kvifor vert ikkje Maurits Aarflot og Ivar Aasen, som var samtidige med Kobberstad og som stod i nær kontakt med han, gjort merksame på visa? Det finst ingen kjende kjelder om så var tilfelle. Er denne visa, som ikkje er kjend frå andre kantar av landet, eit eineståande tilfelle både av skrivekunne og gammal ”Folkepoesi” som Kobberstad kallar det?
Er ikkje dette ei styrking og utviding av Jostein Fet sine funn som viser at lese- og skrivekunne ikkje var uvanlig mellom bønder på Nordvestlandet så tidleg som på 15-1600-talet? Dette må vere eit prov på at ikkje berre bønder på Bjørkedalen kunne skrive på 1600-talet, men at det er også andre stader i dette distriktet fanst bønder som kunne skrive, som i dette tilfellet i Steinsvika i Indre Dalsfjord.
Dokumentet frå 1612. Kopi av fyrste del av orginalmanus frå Norske Folkeminnesamling (NSF, S. Bugge). En gammel folkevise Funden paa Gaarden Stensvig i Volden Præstegjeld paa Søndmøre 1868 af Lars Knudsen Stensvig Her er fire vers: 1: Herr Peder staar i Gardenom, og skjenker i sine Gamne ”Jeg ved ingen her indenlands at være min Jamne”. Moder rinder Hjelmen udaf Sorgen. 2: Til da svared hans Stedmorder Hun stander hannem Skamit i jaa: Een veed jeg i Gjøtland valla munde du hende faa. Moder rinder & c 3: Saa er Huset indentil som Jomfruen inde sidder, det glimmer af Guld i korjaa Veg Det er Jomfruens lit. 4: Til svared Herr Peder Han holder paa buen Kniv; ”Denne samme Jomfru skal jeg faa..
Sangboka i Norge
Folkevisa ”Friarferda til Gjøtland” (1612)
Friarferda: Folkevisa om Friarferda til Gjøtland er den eldste nedskrivne folkevisa vi kjenner til. Visa er eit prov på at lese- og skrivekunnskap ikkje var uvanleg på Nordvestlandet så tidleg som 1500- og 1600-talet.
Folkevisa ”Friarferda til Gjøtland” (1612) er den eldste nedskrivne folkevisa me kjenner til i Norge. I fjernsynsprogrammet ”Antikviteter og snurrepiperier”, vart det sat at visa er funnen på Bjørkedalen. Men eit dokument frå 1868 provar at denne fire hundre år gamle visa kjem frå Steinsvika i Dalsfjord.
I november 1999 rydda Olaug A. Steinsvik i gamle saker i Arnegarden i Steinsvika. Då fann ho eit brunt, slite papir underteikna ”Engeset den 28de Mai 1868 J. N. Kobberstad”. Teksta på papiret viste seg å vere avskrift av eit dokument frå 1612. Avskrifta er handskriven, og hovuddelen av teksta er kalla ”En gammel Folkevise” med merknader og forklaringar til teksta. I tellegg er der eit oversyn over buskapen på garden. ”Register over mine Smale, som jeg haver her hjemme paa gaarden efter Nytaar som er Anno 1612 den første Januari”.
Avskrifta frå 1868, som er underteikna med J. N. Kobberstad har en innleiing ”En gammel Folkevise funden Gå Gaarden Stensvig i Volden Fræstegjeld paa Søndmøre 1868 af Lars Knutssen Stensvig”. J. N. Kobberstad har truleg fått dokumentet av Lars Knudsen Stensvig, for at han skulle finne ut kva sla tekst dette var , og om ho hadde nokon verdi.
Før ein fann denne avskrifta i 1999, har det ikkje vor kjent kva gard i Volda originalmanuskriptet kom frå. Jostein Fet, som har skrive om visa tidlegare har meint at ho kom frå Bjørkedalen. Truleg byggjer opplysningane om visa i programmet ”Antikvitetar og snurrepiperier” på det han har skrive. At visa er funnen i Moritsgarden på Bjørkedalen må likevel vere feil, og opplysningane om det verkar nokså usikre. Fet byggjer sin teori på ei tankerekkje ut frå det han veit om lese- og skrivekunne på desse kantar av landet på 1600-talet og tidlegare. At visa var nedskriven på ein forholdsvis stor gard, der talet på småfe var såpass stort som 86, er og brukt som sannsynleggjering for at det var frå Bjørkedalen visa kom.
Velståande bønder
Men også i Dalsfjorden var bøndene velståande på 1600-talet. Peder Jonsson Steinsvik som var bonde i Arnegarden frå 1603 til 1643, brukte 1/5 av Steinsvika, og han hadde notbruk i lag med grannen. I Dalsfjord, bygda, gard og ætt, (Bygdebok for Dalsfjord), står det om Peder Jonsson Steinsvik: ”Han hadde ei jakt og i 1639 er han klaga fordi han tale mot jaktetollen og gjorde folk ”oppsetsige” mot alle avgifter, i det heile ein heller framtøk kar. I 1610 er han lagrettemann”. Det er vel ikkje usannsynleg at denne framtøke karen kunne skrive, og at han gjorde noko så uvanleg som å skrive ned ei vise som han kjende frå munnleg tradisjon i bygda.
Korleis vart visa kjend?
I 1868 fekk Sophus Bugge ved Universitetet i Olso tilsendt denne oppsiktsvekkjande handskrivne teksta frå Jakob N. Kobberstad i Volda. Teksta viste seg å vere ei folkevise og eit oversyn over buskapen på ein gard frå Jakob N. Kobberstad hadde fått han om teksta, men han hadde vanskar med å tyde skrifta i dokumentet, og sende det vidare til Sophus Bugge. Han visste at Sophus Bugge varspråkforskar, og i tillegg innsamlar og kjennar av norsk folkedikting. Det var fyrst og fremst dateringa av dokumentet som var oppsiktsvekkjande. 1. januar 1612.
Kobberstad sender dokumentet vidare til Sophus Bugge, med fylgjande brev:
”Hr.Professor Bugge!
Hoslagt er jeg saa fri at sende et gammelt Papir, som jeg kom over paa en Gaard her i Præstegjeldet just som man var ifærd med a brænde det. Da jeg ikke har været i stand til at læse unden enkelte Ord her og der, kan jeg ikke have nogen Mening om dets Verd. Skulde det imidlertid være af den Beskaffenhed, at man vilde opbevare det, turde jeg utbede mig en Afskrift, i modsat Fald bedes Originalen tilbagesendt”.
”Volden, pr. Aalesund, 30de April 1868”.
Hvorfor Kobberstad framstiller ”funnet” av visa på denne måten, som om han har redda dokumentet ”just som man var ifærd med at brænde det”, er også ei uløyst gåte. Men likande formuleringar er brukt om innsamling av folkeviser på andre kantar av landet.
Magnus B. Landstad, som er den store folkeviseinnsamlaren frå 1850-åra og utetter, brukte uttrykket ”Familiesmykke” om visene som han skreiv ned og redda frå gløymsla og ” du av det brændende Huus” som han uttrykkjer det.
Landstad brukar etter mi oppfatning dette som eit språkleg bilete, ikkje som ei konkret fysisk handling. Kobberstad kjende truleg til desse samlingane, og har kanskje lånt formuleringa frå han.
Truleg tek Kobberstad vel mykje av æra for ”funnet” i dette brevet, og det er noko som ikkje stemmer i framstillinga hans til Sophus Bugge høve til det han skriv til Lars Knudsen Stensvig.
Dersom ein ser på det handskrivne originalmanuskriftet som ligg på Norsk Folkeminnesamling i Oslo, kan ein skjøne at Kobberstad tykte det var vanskeleg å forstå innhaldet i teksta. Dokumentet er slite der det har vore bretta saman og i kantane, og somme stader er skriftra utydeleg. Men skrifta er famn og vakker, dei same bokstavformene går igjen, og det verkar som dette er skrive av ein øvd og sikker skrivar. Teksta er ei folkevise med 33 strofer, og i tellegg i oversikt over småfeet på ein gar. Det er samband med denne oversikta at dato og år er totert, men teksta er skriven med same hand og penn, og det kan ikkje ha gått lang tid mellom dei to nedteikningane. Mest truleg er det gjort om lag samtidig.
Avskrifta av visa, registeret og kommentaren som Kobberstad skriv til omsetjinga står på det same papiret (sjå bilete). I kommentaren til omsetjinga frå 1868, skriv Kobberstad om kor viktig funnet er, og held fram ”det vilde ikke være mig lidet behagelig, og jeg fik Anleding til at besørge lest og afskrevet mange Haandskrifter af samme Slag, ligesom jeg ogsaa med Taknemmelighed vilde modtage gamle Sagn – Ordsprog og lignende, som skriver sig fra vore Fedre”, skriv han til slutt i brevet. Dette tyder ikkje akkurat på at han trur dei har brendt opp alt gammalt på denne garden. Tvert imot vil han gjerne ”besørge lest og afskrevet” flere handskrifter om eigaren har det.
Mange løyndomar
Sjølv om ein no har fått vite kvar visa vart funnen, og kven som eigde dokumentet i 1868, er det framleis mykje ein ikkje veit om visa. Kvifor gjev ikkje Kobberstad opp at han har fått teksta med Lars Knudsen Stensvig, når han seinare sender omsetjinga tilbake til han?
Denne visa er svært gammal, og det er ingen liknande viser i dette distriktet, Kvifor vekkjer ikkje ”funnet” av teksta større oppsikt i samtida? Kvifor vert ikkje Maurits Aarflot og Ivar Aasen, som var samtidige med Kobberstad og som stod i nær kontakt med han, gjort merksame på visa? Det finst ingen kjende kjelder om så var tilfelle. Er denne visa, som ikkje er kjend frå andre kantar av landet, eit eineståande tilfelle både av skrivekunne og gammal ”Folkepoesi” som Kobberstad kallar det?
Er ikkje dette ei styrking og utviding av Jostein Fet sine funn som viser at lese- og skrivekunne ikkje var uvanlig mellom bønder på Nordvestlandet så tidleg som på 15-1600-talet? Dette må vere eit prov på at ikkje berre bønder på Bjørkedalen kunne skrive på 1600-talet, men at det er også andre stader i dette distriktet fanst bønder som kunne skrive, som i dette tilfellet i Steinsvika i Indre Dalsfjord.
Dokumentet frå 1612. Kopi av fyrste del av orginalmanus frå Norske Folkeminnesamling (NSF, S. Bugge).
En gammel folkevise
Funden paa Gaarden Stensvig i Volden Præstegjeld
paa Søndmøre 1868
af Lars Knudsen Stensvig
Her er fire vers:
1: Herr Peder staar i Gardenom,
og skjenker i sine Gamne
”Jeg ved ingen her indenlands
at være min Jamne”.
Moder rinder Hjelmen udaf Sorgen.
2: Til da svared hans Stedmorder
Hun stander hannem Skamit i jaa:
Een veed jeg i Gjøtland
valla munde du hende faa.
Moder rinder & c
3: Saa er Huset indentil
som Jomfruen inde sidder,
det glimmer af Guld i korjaa Veg
Det er Jomfruens lit.
4: Til svared Herr Peder
Han holder paa buen Kniv;
”Denne samme Jomfru skal jeg faa..